fredag 21. september 2012

Eit emne i Mellomalderen.

Mellomalderen


Mellomaldere blir rekna mellom år 500 til år 1500 i Europa. Det er ulike meiningar om denne inndelinga, dette grunna kva emne historikaren er oppteken av. Dette kan vere økonomisk, sosial, militær eller kulturell historie. Grunnen til at me nyttar oss av år 500 e. kr. er fordi det var då Vestromarriket gjekk under og den store folkevandringstida starta.


Som de veit, blir undervisninga i alle fag styrt av kompetansemåla i læreplanen. Dette gjeld òg historie. Det kompetansemålet som me i hovudsak skal ha fokus på i dette opplegget er:

Presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område.



Som de ser av dette målet så skal de presentere eit emne frå mellomalderen. Kva er eit emne? Det vil seie at de skal finne noko som skjedde/var på denne tida å skrive om det. Eksempel kan vere, folkevandring, pavekyrkja, frankarane, føydalismen, bysant (det gamle Austromarriket), pest eller korstoga. For å få vete meir om desse emna kan de gå til: Mellomaldere Prezi ,de kan søke på nett eller slå opp i ei bok. Du kan sjå på denne filmen for inspirasjon.


Nyttige lenker for å finne emne:


Vidare står det at de skal vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet. Kva meinast med dette? "I den historiske utviklinga skjer det stadig noko nytt som representerer eit brot. Men samstundes er det alltid noo som held fram som før og gir ein samanheng trass i det nye - det representerer kontinuitet. I ein historisk prosess er det altså alltid ei blanding av nytt og gammalt, av brot og kontinuitet - aldri berre det eine eller det andre" (Tidslinje 1, 2007:193). For eksempal då Vestromarriket gjekk under og folkevandringa byrje, dette var ein stor omveltining og me kan snakke om eit brot i historia. Likevel vart ikkje alt nytt, romersk kultur og det latinske språket blanda seg med dei nye kulturane. Kristendommen fortsette inn i mellomalderen. Her snakkar me om kontinuitet.


Oppgåve:

De skal lage ein tekst, der de presenterer eit emne frå mellomalderen. De skal vurdere i kva grad dette emnet er brot eller kontinuitet. Dette emnet kan vere henta frå Noreg eller Europa, eller det kan vere ein samanlikning mellom Europa og Noreg.



Formelle krav:
  • Linjeavstand 1,5
  • Skriftype "Times New Roman"
  • Skriftstorleik 12
  • Det skal vere ei problemstilling der de avgrensar emne og tiden. De får veiledning på denne ved å legge den inn som kommentar på bloggen.
  • Lengda skal vere ca. to sider.
  • Innlevering 3 veker etter gjennomgang
  • Skal vere innleiing, hovuddel og avslutning
  • Skal vere kjeldehenvisning og litteraturliste (dette skal ikkje reknast med i dei to sidene)

Andre aktuelle kompetansemål:

  • Forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriteria som ligg til grunn for dette
  • Finne og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • Gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere muleg påverkning frå andre kulturar, samfunn og statar

Vurdering:

Det som ligg til grunn for vurderingen dykkar er:

  • Problemstillinga
  • Korleis de svarar på problemstillinga
  • Innhaldet
  • Om det er "dykkar" arbeide
  • Referansar, henvisningar og kjelder
  • Bør vere god rettskriving

8 kommentarer:

  1. Emne er godt gjennomførtbart, der elevane får lære mykje om mellomalderen. Godt didaktisk opplegg med kompetansemål, gode fagkjelder.

    SvarSlett
  2. Undervisningsopplegget verkar godt med potensiale for god læring. Vidare er det godt gjennomførbart med tydeleg arbeidsoppgåve til elevane. Opplegget er variert og fagleg gjennomtenkt med video og Prezi, dette er heilt i samsvar med dei skisserte kompetansemåla. Grundig forarbeid med relevante fagkjelder

    SvarSlett
  3. Hei! Her er min problemstilling:
    Korleis blir Noreg styrd, etter kalmarunionen blei oppløyst?

    Marie

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne er bra. Det er to ting eg vil råde deg å gjere. Den eine er å endre blir til vart. Det endre er å tidfesta perioden i staden for å bruke Kalmarunionen. Dette fordi draumen om denne ikkje vert knust før "blodbadet i Stockholm" i 1520 og deler av denne fortsette fram til 1814 (Unionen mellom Noreg og Danmark).

      Slett
  4. Hei! eg har valt svartedauden
    Her er mi problemstilling:
    Kva slags reglar blei innført for å forhindre smitte?

    Kim-Rudi

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra, det eineste eg vil påpeika er å tidfeste det, med å nemne svartedauen i problemstillinga og nemne i kva område du skal ta føre deg. For eksempel Kva gorde ein for å hindra smitte etter svartedauen i Noreg (Europa, Bergen eller andre områder eller land)?

      Slett
  5. Hei!
    Temaet mitt er svartedauden. Problemstilling:
    Korleis påverka svartedauden bøndene i Noreg?

    Inger Lise Bøe

    SvarSlett
  6. Denne er fin. Du kunne sett eit årstal du sluttar på, men dette er ikkje nødvendig.

    SvarSlett