fredag 21. september 2012

Eit emne i Mellomalderen.

Mellomalderen


Mellomaldere blir rekna mellom år 500 til år 1500 i Europa. Det er ulike meiningar om denne inndelinga, dette grunna kva emne historikaren er oppteken av. Dette kan vere økonomisk, sosial, militær eller kulturell historie. Grunnen til at me nyttar oss av år 500 e. kr. er fordi det var då Vestromarriket gjekk under og den store folkevandringstida starta.


Som de veit, blir undervisninga i alle fag styrt av kompetansemåla i læreplanen. Dette gjeld òg historie. Det kompetansemålet som me i hovudsak skal ha fokus på i dette opplegget er:

Presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område.



Som de ser av dette målet så skal de presentere eit emne frå mellomalderen. Kva er eit emne? Det vil seie at de skal finne noko som skjedde/var på denne tida å skrive om det. Eksempel kan vere, folkevandring, pavekyrkja, frankarane, føydalismen, bysant (det gamle Austromarriket), pest eller korstoga. For å få vete meir om desse emna kan de gå til: Mellomaldere Prezi ,de kan søke på nett eller slå opp i ei bok. Du kan sjå på denne filmen for inspirasjon.


Nyttige lenker for å finne emne:


Vidare står det at de skal vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet. Kva meinast med dette? "I den historiske utviklinga skjer det stadig noko nytt som representerer eit brot. Men samstundes er det alltid noo som held fram som før og gir ein samanheng trass i det nye - det representerer kontinuitet. I ein historisk prosess er det altså alltid ei blanding av nytt og gammalt, av brot og kontinuitet - aldri berre det eine eller det andre" (Tidslinje 1, 2007:193). For eksempal då Vestromarriket gjekk under og folkevandringa byrje, dette var ein stor omveltining og me kan snakke om eit brot i historia. Likevel vart ikkje alt nytt, romersk kultur og det latinske språket blanda seg med dei nye kulturane. Kristendommen fortsette inn i mellomalderen. Her snakkar me om kontinuitet.


Oppgåve:

De skal lage ein tekst, der de presenterer eit emne frå mellomalderen. De skal vurdere i kva grad dette emnet er brot eller kontinuitet. Dette emnet kan vere henta frå Noreg eller Europa, eller det kan vere ein samanlikning mellom Europa og Noreg.



Formelle krav:
  • Linjeavstand 1,5
  • Skriftype "Times New Roman"
  • Skriftstorleik 12
  • Det skal vere ei problemstilling der de avgrensar emne og tiden. De får veiledning på denne ved å legge den inn som kommentar på bloggen.
  • Lengda skal vere ca. to sider.
  • Innlevering 3 veker etter gjennomgang
  • Skal vere innleiing, hovuddel og avslutning
  • Skal vere kjeldehenvisning og litteraturliste (dette skal ikkje reknast med i dei to sidene)

Andre aktuelle kompetansemål:

  • Forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriteria som ligg til grunn for dette
  • Finne og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • Gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere muleg påverkning frå andre kulturar, samfunn og statar

Vurdering:

Det som ligg til grunn for vurderingen dykkar er:

  • Problemstillinga
  • Korleis de svarar på problemstillinga
  • Innhaldet
  • Om det er "dykkar" arbeide
  • Referansar, henvisningar og kjelder
  • Bør vere god rettskriving